Tidlegare i dag gjekk formannskapet inn for å stilla seg opne for to ulike traséval for tunnelen.

Fleirtalet i formannskapet vil helst at Jondalstunnelen skal gå utanom bygda Nordrepollen. Dei tykkjer mest om Statens vegvesen sitt val frå sørsida, som høyrer til Kvinnherad. Dette valet vil gje ein pris på Jondalstunnelen på om lag 510 millionar kroner med åtte meter breidd i staden for åtte og ein halv meter.

Men fleirtalet i Kvinnherad formannskap hadde og eit tillegg om at dersom dette vegvalet vart vanskeleg å finansiera, kunne dei gå med på å byggja veg gjennom Nordrepollen fram til den kortaste tunnelen, som no er rekna til ca. 470 millionar kroner.

Jondal-ordførar John Skogseth var til stades på møtet i Kvinnherad formannskap i dag. Skogseth var både glad og letta over at grannane i sør stilte seg såpass positive til Jondalstunnelen.