I ein fersk dom frå Sunnhordland tingrett blir Staten dømd til å betale over 200.000 kroner i erstatning til Kvinnherad Energi AS.

Fylkesmannen opptrådde ulovleg då han greip inn mot arbeid på Muradalen kraftverk 29. januar. Kvinnherad Energi har fått medhald i at stansingsvedtaket var ugyldig, og at Staten er skadebotansvarleg for tap som Kvinnherad Energi AS har hatt i samband med vedtaket.

Muradalen kraftverk ligg ved Rosendal i Kvinnherad, og har ein årleg produksjon på rundt 8,5 GWh. Kvinnherad kommune eig kraftverket.

Det var Miljøverndepartementet som sto bak avgjerda om å stogge arbeidet. Hattebergvassdraget er verna som landskapsvernområde.

HATTEBERGVASSDRAGET: Miljøverndepartementet ville stoppe utbyggjinga i dette verna vassdraget. Det hadde dei inga rett til, ifølgje ein ny dom.
HELGE SUNDE