Signe Ekeland Valvatne, Annemor Ekeland og Grete Nordanger Brandsdal har fått hand om ei 600 mål tomt nord for vekstområdet Heiane som kan få inntil 300 nye bustader.

Rett nok er det den røynde eigedomsutviklaren Reinert Valvatne som bidreg mest arealmessig, og som også eig ein tredel i utbyggingsselskapet Heiane Nord AS gjennom Valvatne Eigedom. Men før alle godkjenningar ligg føre, er det kvinnene som styrer prosessen, godt assistert av by— og arealplanleggjar Gro Fagerbakke Tesdal.

Jomfrueleg

— Det er sjeldan å få hand om eit så stort og jomfrueleg område som kan planleggjast etter boka i tråd med moderne prinsipp, seier prosjektleiar og medeigar Annemor Ekeland i Vikefjell AS.

Interessentane må smørja seg med eit minst to år langt tolmod før Stord har ferdigbehandla kommunedelplanen for det skogdekte arealet nord for E 39, som i dag er landbruk- og friluftsområde.

Heiane Nord-prosjektet, som i tillegg til bustader også vil omfatta forretningar, friareal og kanskje ein ny skule, blir presentert for Stord formannskap i dag.

I Heiane, mann

Heiane næringsområde er blitt eit sentralt handleområde for Stord og omegnskommunane, og har i dag over tusen arbeidsplassar.

Fylkesmann Svein Alsaker har overfor bykommunen Stord framført skepsis på all næringsutbygginga på Heiane, han er ottefull for statusen til det gamle regionsenteret Leirvik.

— Fylkesmannen etterlyser fleire bustader i Heiane-området. Det er nettopp det ønsket vårt prosjekt kjem i møte, seier Reinert Valvatne.

Passar det med ein ny bydel mellom Leirvik og Sagvåg? Sei di meining i feltet under!

Ove A. Olderkjær