Kva behov har kvinner for å diskutere valet dei skal ta? Korleis møter helsevesenet kvinner som vurderer abort?

Dette er nokre av spørsmåla Anne Berit Apold ved Universitetet i Bergen (UiB) stiller i si doktoravhandling om kvinner og abort.

Taus erfaring

Kvinner som har tatt abort og almennpraktiserande legar blir intervjua av forskaren om sine erfaringar.

— Å ta abort er ei taus erfaring. Sjølv om mange kvinner kjem til å oppleve abort, er det noko dei snakkar med veldig få om, seier Anne Berit Apold, som er knytt til Rokkansenteret ved UiB.

I 2000 blei dei gjennomført over 14.000 abortar i Norge.

— Redsla for å bli fordømt gjer at kvinner som har tatt abort teier. Å leve i eit stabilt parforhold eller å ha barn frå før er livssituasjonar som kanskje gjer det mindre sosialt akseptert å ta abort, og såleis vanskelegare å snakke om, seier Apold.

Nokre synest også det er vanskeleg å snakke med barnefaren.

Legar, medisin og moral

Fleire kvinner er allereie intervjua av forskaren om sine erfaringar. Men framleis treng Apold kontakt med kvinner over 18 år som tar tatt abort for mindre enn to år sidan, og som er villige til å fortelje om dette.

Forskaren skal også studere legen si rolle, og korleis dei handterer eit tema som ligg i skjæringsfeltet mellom medisin og moral.

— Kva rolle har legen i ein konsultasjon der svangerskapsavbrot er tema? Kva utfordringar eller dilemma er knytt til ein slik samtale? Ønskjer legar å gå inn i rolla som moralsk autoritet, eller vegrar dei seg for å ta den moralske rolla, er spørsmål Apold vil svare på i doktoravhandlinga.

Hard abortkamp

Abort er eit tema som har vore svært mykje diskuterert her i landet. Etter ein hard kamp fekk vi sjølvbestemt abort i 1979, og sidan har det vore eit splitta syn på abort i Norge. Framleis er rundt 50 prosent motstandarar av sjølvbestemt abort.

Det har vore fremja forslag om obligatorisk rettleiing for gravide. Men i dag er det kvinna sjølv som tek avgjerda om abort før 12. svangerskapsveke.

Fakta/unge og abort

  • I 2000 blei det utført 14.635 svangerskapsavbrot i Norge, ein auke frå året før. Auken var sterkast i dei yngste aldersgruppene, jenter frå 15 til 19 år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
  • Norge har ei liberal abortlov samanlikna med mange europeiske land. Kvinna tek sjølv valet dei første 12. svangerskapsvekene. Sverige tillet sjølvbestemt abort til 18. svangerskapsveke, medan dei katolske landa har strenge vilkår for abort. I Kina er abort lov heilt fram til fødselen.
  • Kva behov har ei kvinne for å snakke med nokon før ho tek ei avgjerd om abort? Korleis tek legar imot kvinner som ber om råd? Dette er spørsmål som blir stilt av forskar Anne Berit Apold ved Universitetet i Bergen. I si doktoravhandling snakkar ho med kvinner som har tatt abort dei siste to åra.