Dei tre kvinnene hadde kravd erstatning og oppreising for til saman 700.000 kroner frå den tidlegare psykologen i Florø.

Men Fjordane tingrett meiner det er så lenge sidan dei var pasientar hos Amundsen, at saka dei har reist er forelda. Retten meiner kvinnene burde ha komme med erstatningskrava sine langt tidlegare.

Rune Amundsen blei fråteken retten til å praktisere som psykolog for tre år sidan. Statens helsetilsyn tok avgjerda etter at det hadde komme inn fleire klager frå pasientar. Dei tre kvinnene som i ettertid gjekk til søksmål, var mellom klagarane.

Dei har alle blitt behandla med regresjonsterapi. Dette er ein omstridd behandlingsmetode der terapeuten gjennom hypnose kan føre pasientar tilbake i tid, til barndomen eller tidlegare liv.

Kvinnene meinte tilstanden deira blei verre etter behandlinga, og gjekk til søksmål etter at Helsetilsynet hadde avskilta psykologen. Men Fjordane tingrett meiner dei måtte ha komme med søksmålet for fleire år sidan, dersom dei skulle fått saka opp til doms. I følgje avisa Firda meiner retten at kvinnene både hadde kunnskap og fagleg hjelp til å reise erstatningssøksmålet for lenge sidan.

Advokat for dei tre, Anders Folkman, seier han vil be kvinnene anke. Han meiner tingretten har lagt for lite vekt på at kvinnene var i ein svært vanskeleg livssituasjon etter å ha gått i terapi hos Amundsen.