Magasinet HENNE har utført den landsdekkande undersøkinga i samarbeid med MMI og Moi Marketing Research.

Totalt har 378 kvinner i alderen tjue til femti år svart på spørsmål om eigne erfaringar med fysisk og psykisk vald.

Undersøkinga viser også at

n Kvar tiande kvinne er blitt utsett for vald frå familiemedlemmar. I hovedsak er far overgriparen.

n Tretten prosent av kvinnene fortel at dei er blitt utsette for valdtektsforsøk, men ingen i undersøkinga hadde meldt overgrepet til politiet. Hovedårsak er frykt for å ikkje bli trudd.

n 75 prosent fortel at dei kjenner andre kvinner som har vore utsette for vald. Som regel er gjerningsmannen ein kjærast, ektemann eller sambuar

Sjefredaktør i HENNE, Ellen Arnstad, meiner at tala er skremmande. Rita Lønnebotn ved Krisesenteret i Bergen er derimot ikkje overraska.

— Det er veldig mange som ikkje melder slike overgrep til politiet. Ei viktig årsak er at det er veldig lett å bli mistrudd i slike saker, seier ho til BT.

Lønnebton meiner likevel at undersøkinga viser at det norske samfunnet ikkje er kome så langt som folk likar å tru.

— Hvis ei kvinne er lettkledd, drikk alkohol eller går ute etter at det er blitt mørkt, meiner framleis mange at det er hennar eigen feil om ho blir valdteken. Hvis ein mann drukke, blir det derimot brukt som unnskyldning, dersom han forgrip seg, seier Lønnebotn til BT.

Så langt i år har kring åtti barn og åtti kvinner søkt tilflukt på Krisesenteret i Bergen. Dei aller fleste kvinnene er i aldersgruppa tjue til femti år.