Hilde Kristin Strand

Ulukka skjedde på bysida like før Sotrabrua, i 13.30-tida lørdag. Ambulanse er på veg til staden, men kvinna er truleg ikkje alvorleg skadd. Det seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt.

— Motorsyklisten har forklart at årsaka til ulukka var at eit anna kjøretøy, ein bil eller ein buss, ikkje heldt vikeplikta si. Me prøver no å koma i kontakt med den andre trafikanten for å høyra hans versjon, og så vil vidare etterforsking fortelja oss meir, seier Stiegler.