Bilulykka skjedde ved krysset Søvikmarka — Steinsvikvegen i Ytrebygda like før klokka 14 i dag.

— Det er ekstremt glatt på ulykkesstaden, seier operasjonsleiar Kjell Tore Aarnes i Hordaland politidistrikt til bt.no.

Han åtvarar bilistane mot skumle køyreforhold i Bergensområdet.

Kvinna hadde mista kontrollen over bilen og hamna i autovernet. Skadeomfanget var ennå ikkje klarlagt klokka 14.05.