Politiet fekk melding om brannen 18.53 søndag, klokka 19.03 var brannen i Vadmyrveien slukka. Kvinna hadde då prøvd å slukke brannen sjølv og pådrege seg brannskader på hender.

To barn på tre og åtte år var i leiligheten då brannen braut ut.

– Det var dramatisk då det stod på, med tanke på dei små barna som var i leiligheten, seier Per Stiegler, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Kvinna vart sendt med ambulanse til legevakta for sjekk.