Politiet i Masfjorden var ved 23-tida laurdag kveld i ferd med å setje i gang leiting etter kvinna frå Bergen.

Ho gjekk i lag med andre på tur i Matrefjella laurdag. Ved 15.30-tida forlet ho følgjet for å gå åleine attende til hytta si i Stordalen.

— Dette er ein tur på ca. fem kilometer. Då dei andre kom til hytta seinare laurdag ettermiddag var ikkje kvinna der, seier lensmannsførstebetjent Bernhard Krokås ved Masfjorden lensmannskontor.