– Kvinna er lettare skadd med ein broten arm, seier operasjonsleiar Torger Stødle i Haugaland og Sunnhordland.

Kvinna blei påkøyrt i eit fotgjengarfelt i Vabakkjen. Føraren av bilen som trefte fotgjengaren er ei kvinne på 20 år.

– Vi har ikkje fått formell forklaring endå, men alt tyder på at ho har vore uoppmerksam. Det er gjort beslag av førarkortet, seier Stødle.

Politiet fekk melding om påkøyrselen klokka 16.22.