— Vi fekk melding om ulukka klokka 16.12 fredag ettermiddag. Kvinna vart køyrd i ambulanse til Sentralsjukehuset i Førde med skadar, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Føraren som køyrde på kvinna vart teken med til lensmannen, der det vart gjort beslag i førarkortet, seier Hauge. Ulukka skjedde på E39 ved Lia Turistheim.

Ved sjukehuset får bt.no opplyst at 58-åringen er moderat skada.