Både føraren og passasjeren er i 50-åra, og kjem frå Hordaland.

— Vi veit så langt lite om kva som har skjedd, men andre køyretøy har ikkje vore involverte, opplyser operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka blei meld til politiet klokka 11.55. Luftambulanse blei send til staden, og det blei gjort forsøk på gjenoppliving utan at dette lukkast.

Den omkomne var med i eit følgje på kring 15 syklar som i følgje politiet skulle til Geiranger.

Ulukka skjedde i svingane rett ovanfor den elektrokjemiske fabrikken, nokre 100 meter frå Vadheim sentrum.

Europavegen blei stengd etter ulukka, og det danna seg raskt lange køar. Ei køyrebane er no opna.

— Vi etterforskar på vanleg måte. Også Biltilsynet er på ulukkesstaden, opplyser Bell.

<b>DØDSULUKKE: </b>MC-føreren mista livet i ulukka i Vadheim.
Per Marifjæren (MMS)