Politiet fekk melding om ulykka klokka 13.43. Den eldre kvinna var på veg opp Sogndalsdalen i retning mot Fjærland då ho køyrde av vegen ved Hodlekve.

— Så langt vi kjenner til var det ingen vitne som såg sjølve ulykka, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Kvinna vart funnen sitjande i bilen. Værøy opplyser til bt.no at ho var aleine i bilen. Det er svingete, men brei og relativt oversiktleg veg på ulykkestaden. Poliitet kan enno ikkje uttale seg om årsaka til utforkjøringa, men kan sjølvsagt ikkje utelukke at den eldre kvinna kan ha fått eit illebefinnande.

ý Saka vil bli etterforska på vanleg måte. Kvinna vil bli obdusert, og Biltilsynet vil undersøke ulykkesbilen teknisk, seier han.