Ulykka hende då bilen ho sat i vart rygga utfor ein to-tre meter høg kant ved Solvorn.

Kvinna som døydde, var passasjer i bilen. Systera hennar, som køyrde bilen, er nesten uskadd etter ulykka, melder Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.45 måndag. Kvinna var då hardt skadd, og vart straks køyrd til sjukehuset i Lærdal. Ho døydde seinare på ettermiddagen.

Ulykka skal ha skjedd ved ein privat veg.