Politiet fekk melding om å rykke ut til huset ved Bergen Yrkesskole frå AMK-sentralen ca. klokka 21.15. I husværet fann dei ei blødande 46 år gammal kvinne med stygge kuttsår.

— Mannen vart tatt med av oss frå same staden. Vi har grunn til å tru at mannen kan ha noko med mishandlinga å gjere, men han har så langt ikkje status som mistenkt, seier vaktsjef Magne Fauskanger i Hordaland politidistrikt.

Det var også fleire andre til stades i husværet.

Kvinna vart køyrd til legevakta for behandling. Politiet hadde ikkje funne gjenstanden som var brukt til å mishandle kvinna. Teknikarar frå politiet rykte seint tysdag kveld ut for å sikre spor i husværet.