TERJE ULVEDAL, PER MARIFJÆREN, EYSTEIN RØSSUM og GARD STEIRO

Kvinna er observert på busshaldeplassen ved Førdehuset klokka 07.15. Denne busslommen ligg like ved åstaden. Avstanden frå busstoppen til drapsstaden er berre kring 50 meter. Kvinna er sett gåande i retning sentrum.

Politiet går ut frå at drapsofferet forlot bukollektivet i Hamretunet kring klokka 06.50. Med normal gangfart vil det ta i overkant av 20 minutt å nå drapsstaden. Vitnet kan altså ha vore nær drapsstaden på eit tidspunkt då det er sannsynleg at drapet har skjedd.

— Informasjonen om dette vitnet har vi fått ved gjennomgang av dei bortimot 200 tips som har komme inn dei siste dagane. Dette er ein ny opplysning i saka. Det er korrekt at dette vitnet kan ha vore nær åstaden på det tidspunkt drapet skjedde, og vi er svært interessert i å komme i kontakt med denne kvinna, seier lensmannen.

Overfor Bergens Tidende understrekar Kjell Fonn at dei vil ha kontakt med kvinna som vitne.

Etterlyser to andre kvinner

Politiet etterlyser i tillegg to andre kvinner. Kring klokka 07.00, i Vievegen like ved sjukepeleiehøgskulen, er det sett ei lyshåra kvinne på veg mot Angedalsvegen. I eine handa hadde kvinna ei flaske med blå etikett, i den andre ein mobiltelefon. Sannsynlegvis er dette Anne Slåtten, men politiet vil ha kontakt dersom andre kvinner har vore i dette området i dette tidsrommet.

I tillegg vil drapsetterforskarane også ha kontakt med ei kvinne som i tidsrommet 07.10-17.15 kom ned vegen frå bustadfeltet Grovene og gjekk ut i Angedalsvegen. Denne kvinna, som hardde på seg ei lys bukse, gjekk oppover mot sjukehuset. Kvinna kan ha møtt Anne Slåtten.

Etter det Bergens Tidende kjenner til har ikkje politiet funne spor som dei meiner tyder på at Anne Slåtten er blitt forsøkt seksuelt misbrukt. Det er funne merke på kroppen til avdøde, men politiet trur ikkje desse merka stammar frå at gjerningsmannen kan ha forsøkt å valdta Slåtten.

Trappar ned

I løpet av helga blir etterforskinga redusert, men politiadvokat Sissel Kleiven understrekar at dei vil ha nok folk på jobb til å drive etterforskinga vidare.

På pressekonferansen i går kveld var dessutan lensmannen svært nøye med å understreke at det ikkje er nokon grunn til at folk i Førde treng vere redde for å besøkje utestadene i byen i helga. Det blir ikkje lagt opp til noko ekstra politipatruljering i Førde.

— Eg tykkjer folk skal oppføre seg heilt som vanleg, og kan heller ikkje sjå at det er grunn til noko anna, seier Fonn.

Kripos avslutta i går arbeidet i bukollektivet i Hamretunet. Alle studentane som bur i tunet fekk i går høve til å flytte tilbake.

ETTERLYSER KVINNE: - Vi er svært interessert i å komme i kontakt med denne kvinna, sier lensmann Kjell Fonn. FOTO: KNUT EGIL WANG