Premien på over 5,1 millionar kroner er den tredje milliongevinsten til sognekommunen på eit halvt år.

Den heldige vinnaren hadde vore på arbeid i helga, og sjekka først søndag ettermiddag tala på Lotto-kupongen.

— Kva skal eg med så mykje pengar?, nærast ropte kvinna inn i røret då pressetalsmann Pål Enger i Norsk Tipping fekk svar på telefonen i går.

Kvinna ønskjer å vere anonym, berre den næraste familien har så langt fått vite om milliongevinsten.