Kvinna var på julehandel med mannen sin. Dei avtala å gå kvar for seg ei stund, og skulle møtes att klokka 14.30. Mannen leitte ei stund før han melde kona sakna klokka 18.15.

– Vi manglar opplysningar, og det mest farlege er sjøen. Difor søker Røde Kors i havnebassenget i Leirvik sentrum, seier operasjonsleiar Terje Tonning ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Bergens Tidende.

Kvinna er ikkje kledd for å vere lenge ute.

Politiet har bede om bistand frå Kystvakta sine to båtar, og Røde Kors søker i turområde ved Leirvik sentrum. Kvinna bur no i bergensområdet, men har tidlegare budd på Stord.

– Vi har ikkje mistanke om noko kriminelt, men held alle mogelegheiter opne, seier Johan Inge Særsten, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.