Dødsulykka skjedde i 15-tida fredag 15. desember 2006. Den tiltalte kvinna kom rett frå jobb, der ho hadde vore med på planlegging av julebordet same kveld.

Kvinna fortalte i Fjordane tingrett i går at ho hadde drukke vodka kvelden før fordi ho ikkje fekk sova, skriv Firda. I tillegg drakk ho to øl i lunsjpausen. Ingen av kollegaene til kvinna skal ha lagt merke til at ho var rusa då ho forlèt jobben. Fleire kollegaer køyrde frå jobb samtidig som kvinna, og ein av kollegaene var vitne til ulykka.

Døydde på operasjonsbordet

Den rusa kvinna skal ha køyrt i opp mot 50 kilometer i timen då ulykka skjedde. Fleire vitne skal ha reagert på at kvinna ikkje bremsa ned framfor fotgjengarfeltet, der den 85 år gamle kvinna gjekk sakte over vegen. 85-åringen skal ha blitt påkøyrt like før ho var kome over vegen, og døydde på operasjonsbordet på Førde sentralsjukehus seinare same kveld.

1, 69 i promille

Den første blodprøven som blei tatt av kvinna etter ulykka, viste at ho hadde ein promille på 1, 56. Utrekningar tilseier at ho må ha hatt minst 1, 69 i promille då ulykka skjedde.

Den tiltalte kvinna erkjenner straffskuld for aktlaust drap og køyring i påverka tilstand, ifølgje Firda, og seier at ho trur at prøveresultata stemmer. Likevel hevdar ho at ho var fullt i stand til å køyra bil.

— Blei blenda

Kvinna la i rettsforklaringa si stor vekt på at ho har grå stær og at ho blei blenda av lysa frå ein møtande bil, skriv Firda.

— Eg er hundre prosent sikker på at ulykka ikkje ville ha skjedd om eg ikkje hadde blitt blenda, sa ho fleire gonger ifølgje lokalavisa.

Ho sa vidare at folk som har grå stær er meir ømfintlege for lys enn andre.

Sjåføren i bilen som kom imot forklarte seg også for retten i går. Han kan ikkje skjøna at han kan ha blenda nokon.

— Det var lyst og god sikt. Ein kunne sikkert hatt fyrlys utan å blenda folk, sa han i retten ifølgje Firda.

Dom i saka er venta å falla i slutten av månaden.

OMKOM: Ei 85 år gamal kvinne døydde etter å ha blitt påkøyrt av en bil i Florø i desember 2006. Ulykka skjedde i gangfeltet til høgre i bildet, der ein person i oransje vest er på veg over gata. ARKIVFOTO: FRANK TANGEN, floranett.no