Politiet etterforska sundag saka som eit ulukkestilfelle, opplyser lensmannen i Stord, Reidar Færestrand til Bergens Tidende.

Folk som gjekk forbi rekkjehusa på Ås i 2.30-tida slo alarm då dei oppdaga kvinna på bakken under verandaen. Ho hadde då så store indre skader og hovudskader at legar og ambulansepersonell bestemte at kvinna skulle transporterast i luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Den skadde kvinna blei operert sundag, og tilstanden blei i går kveld rapportert som alvorleg, ifølgje lensmann Færestrand.

Stord lensmannskontor gjorde ein del vitneavhøyr og undersøkingar sundag, og vil halda fram med etterforskinga måndag. Ektemannen til den skadde var i husværet då politiet kom til åstaden, opplyser lensmann Reidar Færestrand.