Det var på veg ned frå toppen Høgehorgi i Middalen i Granvin kvinna ramla ned og omkom.

— Kvinna omkom på staden, seier sjukepleiar Jomar Tjønn ved AMK på Voss til bt.no.

— Dette er eit tragisk uhell, seier politibetjent Jostein Skeie ved Voss lens-mannskontor.

Det var to kvinner som hadde vore på tur til toppen og var på veg ned att til Horgastølen. Området der ulukka skjedde er bratt, men det er turstiar i området.

Kvinnene er ikkje heimehøyrande i området, men dei er norske.

Ulukka vart varsla klokka 15.47 onsdag ettermiddag.