– To bilar var involvert, den eine køyrde i baken på den andre. Ei kvinne (50) vart sendt til sjukehus, og ei til legevakt, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Kvinna som vart sendt til legevakt er sendt heim igjen, medan kvinna som vart sendt til Førde sentralsjukehus vart innlagd.

Sjukehuset opplyser at kvinna er lettare skadd og ligg på vanleg avdeling.

Ulykka vart meld klokka 06.50 onsdag morgon og skjedde i Erdal utanfor Førde, mellom tankanlegget og Bjørnsnestunnelen.

Evert Havn (MMS)