Konsentrasjonen av kvikksølv i brosme i Hardangerfjorden er nesten like høg som i Sørfjorden, der Mattilsynet lenge har åtvara mot å ete fisk og skaldyr.

No blir kosthaldsrådet utvida til også å gjelde dei indre deler av Hardangerfjorden.

Det nye rådet er ikkje endeleg utforma, men ifølgje Mette Kristin Lorentzen ved Mattilsynet sin seksjon for fisk og sjømat er arbeidet ferdig om få dagar.

Utvidar området

Mattilsynet plasserer grensa for området kosthaldsrådet skal gjelde mellom Tørvikbygd og Jondal (sjå kart).

Innanfor denne grensa rår tilsynet folk til ikkje å ete brosme, og kanskje også andre artar djupvassfisk som held seg fast i området.

Hittil har Mattilsynet berre rådd frå å ete visse typar fisk og sjømat innanfor utløpet av Sørfjorden, mellom Grimo og Krossanes. (sjå kart)

Brisling, derimot, som vandrar inn og ut av fjorden, er greitt å ete. Det er også oppdrettslaksen i området, sidan den får tilført fôret utanfrå. Torsk er også greitt, den er ein botnfisk, men ikkje ein djupvassfisk.

Fiskar Tore Hartvik Kristiansen i Rosendal synes meldinga er guffen.

Problemet vårt som fiskarar er at vi ikkje kan selje fisk som ligg over grenseverdiane

— Eg har faktisk tenkt i fleire år på om kvikksølv frå industrien i Sørfjorden kan sige heilt ut til ytre Hardangerfjorden. Det er jo mykje tidevatn og straum i fjorden, og det er vel ikkje umogleg at kvikksølv kan flytte seg langs botnen, seier Kristiansen.

Han er ute i båten 3-4 gonger i veka, og fiskar både brosme og sjøkreps, i tillegg til agn til garna. I dag skal han ut og fiske hummar.

  • Sjølv om det skal vere trygt utanfor Rosendal, så er det jo ikkje langt til Jondal. Eg blei litt tvilrådig av dette, seier han.

Fiskebutikk på is

Ei samvirkebedrift for fiskarar i Hardanger, som skulle levere til ein planlagd ny fiskebutikk ved Damsgårdssundet i Bergen, er lagt på is på grunn av kvikksølvfunna, fortel fiskar Frode Strønen i Jondal. Meininga var at 10-15 fiskarar skulle vere med på dette prosjektet.

  • Problemet vårt som fiskarar er at vi ikkje kan selje fisk som ligg over grenseverdiane, seier Strønen.

Han meiner Mattilsynet heilt vilkårleg har trekt grensa for kva området kosthaldsrådet skal gjelde for.

Kystfiskarlaget, der Strønen er medlem, fryktar kvikksølvkonsentrasjonen kan vere høge også lenger ute i Hardangerfjorden.

Laget har bedt Fiskeri- og kystdepartementet om å finansiere ei kartlegging av innhaldet av miljøgifter i fisk og skaldyr i heile fjorden.

Det er heilt naudsynt for å rette opp att tilliten til sjømatprodukt frå fjorden, heiter det i brevet.

Tre gongar meir enn EU-kravet

Det er Kristine Kvangarsnes ved Universitetet i Bergen som har avdekt den uventa høge kvikksølvkonsentrasjonen i brosme i Hardangerfjorden.

Ho analyserte kvikksølvinnhaldet i brosme langs kysten, frå Karmøy i Rogaland i sør til Breisundet på Sunnmøre i nord.

Resultatet av analysane er presentert i Kvangarsnes si masteroppgåve i miljøkjemi, som vart lagt fram i sommar.

I Sørfjorden viste analysen eit kvikksølvinnhald i brosmefilet på 1,7 milligram pr. kilo.

Ute i Hardangerfjorden er det tek prøver ved Steinstøberget, ikkje langt frå Øystese. Der var verdien 1,5 milligram pr. kilo. Det er tre gongar meir enn EU si grense på 0,5 milligram pr. kilo.

Ubåten er ikkje kjelda

Kvikksølvinnhaldet i brosme minkar dess lenger nord og lenger ut i havet fisken er fanga.

Det gjer at NIFES, Nasjonalt Institutt for ernærings- og sjømatforsking, konkluderer med at ubåten ved Fedje - som var lasta med kvikksølv då den gjekk ned - ikkje er forureiningskjelda. Hadde den vore det, ville kvikksølvkonsentrasjonen auka nordover langs kysten, sidan kyststraumen går frå sør til nord.