Kyrkjeverje Øyvind Heggland kan nesten ikkje tru at det er sant, melder bladet Sunnhordland etter at ein manko på 50-60 skiferheller er oppdaga under takvøla på den 151 år gamle kyrkja.

Spesialarbeidarar frå Vertikal Service har teke ned den store snåsaskiferen og plassert han på paller ved kyrkja medan tettingsarbeid har pågått siste månaden. Då dei 62 x 62 cm store hellene skulle på plass att, mangla det over 50 stykk i tillegg til tilsvarande mange som knakk under demontering.

— Det er veldig synd visst det ligg tjuveri bak, og uforståeleg at nokon kan ha kome seg inn til kyrkja med lastebil eller tilhengjar utan å bli oppdaga, seier kyrkjeverje Heggland til bt.no.

Den rektangulære snåsaskiferen som no manglar vil det kosta rundt 20.000 kroner å erstatta.

— Vi har ikkje oppklart saka og ikkje fått tips etter at saka blei kjent gjennom lokalavisa i dag, seier Øyvind Heggland.