Kattungane blei funne i ei pappkasse. I bunn av denne låg fleire utgåver av Sogn Avis. Kattematen som låg i kassa er kjøpt på den lokale matvarebutikken i Vik. Dette tyder på at kattungane kan ha vore frakta frå Vik til Drammen. I tillegg har pappkassa som kattungane blei funne i, tidlegare vore adressert til Vik Apotek.

To kvinner som var ute og gjekk tur, blei tilfeldigvis merksame på pappkassa som låg ved elva i Drammen. Eitt døger seinare ville truleg pappkassa med dei åtte veker gamle kattungane vore teken av elva, skriv budstikka.no

Kattungane som blei forlate til seg sjølve, fekk med seg nistepakke. Det tyder på at vedkomande som har forlate kassa ved elva, kan ha hatt eit håp om at kattungane skulle bli funne i live.

På veg til dyrelegen fekk to av kattungane ny heim. Fyrste natta etter funnet, tilbragte kullet ved Asker dyreklinikk på Hvalstad.

Elin Neumann og Marit Rølles med forlatte kattunger.
Ulf Hansen