Paul Kjetel Soldal Lillemoen (18) frå Kvam svarte rett på nesten alle oppgåvene då han sist veke gjekk til topps i konkurransen som er oppkalla etter matematikaren Niels Henrik Abel.

— Det kjennest eigentleg veldig bra, seier Paul Kjetel smålåtent.

Han fekk 37 poeng av 40 moglege, og var eit hav foran nestemann på lista, som klarte 30 poeng. Det var 24 deltakarar i finalen, men opprinneleg var det 4600 som deltok i konkurransen.

Suksessen forklarer han slik:

— Eg har alltid vore interessert i matte.

18-åringen er til dagleg elev på Øystese gymnas. No må han førebu seg til deltakinga i Den internasjonale matematikkolympiaden i Athen i juli. Der blir det langt tøffare konkurranse, fortel Paul Kjetel. Han var med i fjor også, etter at han kom på andre plass i Abel-konkurransen. I Olympiaden gjekk det ikkje like bra, fortel han.

— Det er mange hakk opp frå Abel-konkurransen. Og det er mange flinke folk med, særleg kinesarane er gode, seier han.

I tillegg til deltaking i Athen, vann Paul Kjetel 7500 kroner som han kan bruke til akkurat det han vil. Men det blir ikkje ferie for pengane.

— Eg bruker dei på utdanning, det er jo ikkje gratis å studere, seier han.

Som skal studere til hausten. Og då står matematikkstudiar i Bergen øvst på ønskelista.

Fakta/Abelkonkurransen

  • Konkurransen er oppkalla etter matematikaren Niels Henrik Abel, og vart for første gong arrangert i 1921.
  • Målet er å stimulere den generelle interessa for matematikk hos gymnaselevar.
  • I finalen får ein fire timar til å løyse fire oppgåver. Kvar oppgåve kan gje ti poeng.
OLYMPIADE: "Den internasjonale matematikkolympiaden" i Athen blir neste stopp for Paul Kjetel