I FØRDE: PER MARIFJÆREN

GARD STEIRO

TERJE ULVEDAL

Dette kjem fram av arbeidet som er gjort så langt i den intense etterforskinga av drapet som må ha skjedd søndag morgon.

Politiet understreka i går at dei held alle alternativ opne, men føler seg no sikre på at den 23-årige sjukepleiarstudenten ikkje vart frakta til funnstaden etter at ho var død.

— Vi har foreløpig ikkje nokon mistenkte i saka, understrekar lensmann Kjell Fonn overfor Bergens Tidende.

Famlar i blinde

Dermed er det klart at politiet står overfor det som kan bli ei svært komplisert og langvarig etterforsking.

Dei erkjenner ope at spor og tips i saka er skuffande få.

— Pr. definisjon famlar vi i blinde, sa etterforskingsleiar Dag Øyen under gårsdagens pressekonferanse på lensmannskontoret i Førde.

Det einaste politiet så langt kan seie sikkert, er at Anne Slåtten ikkje har vore utsett for eit seksuelt overgrep.

Ho vart funnen fullt påkledd, iført svart hettejakke og lyse dongeribukser.

— Sjølv om ho ikkje har vore utsett for overgrep, kan det ikkje utelukkast at eit seksuelt motiv ligg bak ugjerninga, seier lensmann Fonn.

Slåtten vart i går obdusert ved Gades Institutt i Bergen. Den foreløpige obduksjonsrapporten vil ligge føre i morgon.

— Vi vil ikkje kommentere kva funn som er gjort på funnstaden, dette gjeld også eventuelt biologisk materiale, seier Fonn.

Natt til i går tok politiet liket ut frå åstaden. Da fann ein også mobiltelefonen og veska hennar. Lommeboka hennar er enno ikkje funnen.

— Dette inneber ikkje at lommeboka må vere stolen. Den kan ligge på hybelen hennar, seier Fonn.

Hybelhuset der Slåtten budde saman med ni medstudentar har vore avsperra sidan søndag klokka 18. Tekniske etterforskarar tek sikte på å starte undersøkingane av hybelhuset i dag.

— Det ligg ikkje noko spesielt bak at vi plomberte huset kun to timar etter at ho vart meld sakna, seier etterforskingsleiar Øyen til Bergens Tidende.

Skuffa over tipsmengda

Politiets største mareritt er at Anne Slåtten var et tilfeldig offer, og at drapsmannen er fordufta frå Førde.

Derfor er vitneopplysningane heilt avgjerande for etterforskinga. Politiet sa nærast rett ut på gårsdagens pressekonferanse at dei er skuffa over talet vitne og tips så langt.

— Vi ber om at alle som var i området søndag morgon mellom klokka 06 og 09 melder seg for oss, sjølv om dei ikkje trur dei har noko å fortelle, sa Dag Øyen på pressekonferansen.

Da hadde politiet fått inn rundt 30 tips, og en del nye kom til utover kvelden i går.

— Vi hadde venta langt fleire observasjonar i Angedalsvegen og Vievegen der ho gjekk, sa Øyen.

Bilisten som i går ettermiddag meldte seg for politiet, er no sjekka ut som vitne i saka. Dermed etterlyser politiet framleis førarane av to personbilar som kjørte Angedalsvegen på det kritiske tidspunktet. Den eine av bilane ein burgunder Volvo V70 eller 850 stasjonsvogn.

Nok eit etterlyst vitne er ein syklist som vart sett på same tid og strekning på veg mot sentrum, iført mørke klede med hette over hovudet.

Sjekkar overvakingskamera

I går kom to analytikarar frå Kripos til Førde. Dei skal hjelpe politiet blant anna med å granske samtaledata frå Slåttens mobiltelefon.

Etterforskarane har også sikra seg det som finst av materiale frå overvakingskamera i Førde for det aktuelle tidsrommet.

Dessverre for politiet finst det ingen kamera som direkte fangar opp dei områda Slåtten må ha bevega seg på søndag morgon.

— Dette er eit møysommeleg arbeid, og det kan ta lang tid før vi veit om det finst bilete som kan bidra til å oppklare saka.

Han understrekar at politiet er i ein intensiv fase med innsamling av opplysningar, og at desse må silast seinare.

— Eg vil ikkje spekulere i kor lang tid det kan ta å få eit gjennombrot denne drapsetterforskinga, seier lensmann Kjell Fonn.