Helseminister Ansgar Gabrielsen (H) var krystallklar. Han sa at ein klart har overtrådt ei grense når revisjonsfirmaet hevar eit konsulenthonorar som er 14 gonger høgare enn det honoraret firmaet mottek for revisjonen i helseføretaket.

— Eg har gjennom instruks sett ein stoppar for dette, forsikra Gabrielsen.

Fleire stortingsrepresentantar slo ned på forholdet som vart avdekt av Riksrevisjonen i fjor, og omtala i Bergens Tidende i november.

Stortingsrepresentantane fann det forkasteleg at eit revisjonsfirma sit og reviderer eit rekneskap firmaet sjølv har vore sterkt involvert i utarbeidinga av.

— Dette er eit samrøre og ei samanblanding av roller og tenester som om det ikkje er kriminelt, så i alle fall sterkt kritikkverdig. Det gjev grunnlag for å stille spørsmål om alt går rett for seg, sa stortingspresident Jørgen H. Kosmo (Ap) under debatten.

Helseministeren opplyser at han nå har pålagd helseføretaka å etablere ein internrevisjon som skal rapportere til administrerande direktør i helseføretaka, og som også kan gå direkte til styret. Han har også pålagt helseføretaka å opprette eigne kontrollkomitear. Begge desse ordningane skal vere på plass i løpet av 2005.

Den omfattande feilkodinga ved sjukehusa av diagnosar for pasientar og kva behandling dei har fått, vart også kvast kritisert i Stortinget. Feilkodinga har skjedd av di kodinga gjev grunnlag for betaling for behandling. Somme diagnosar er meir «lønsame» enn andre, og tilfører helseføretaka meir pengar.

I debatten vart det påpeika at feilkodinga og feil innføring i pasientjournalane kan ha svært uheldige konsekvensar for pasientane.

Helseministeren opna i går for å endre systemet for koding dersom det blir avdekt at det ikkje blir slutt på feilkodinga.