Salhus Tricotagefabrik fyller 150 år i 2009, som også er nasjonalt kulturminneår. – Planen vår er å samle inn plagg som blei produserte på fabrikken, og gjere dei om til ein del av eit større kunstverk, seier avdelingsleiar Ann Kristin Ramstrøm.

Industriminner

– Det spelar inga rolle om undertøyet er godt brukt, seier Ramstrøm.

– Kunstnaren vil ha det likevel.

Saman med ti andre teknisk-industrielle museumsanlegg er Norsk trikotasjemuseum i Salhus vald ut av sekretariatet for Kulturminneåret 2009 til prosjektet «Fordums kraft – nytt liv: Industriminner i vår tid». Dette er eit nasjonalt dokumentasjons— og kunstprosjekt som skal formidla industriminna på ein ny måte ved å la profesjonelle kunstnarar laga ei utstilling til kvar av industristadene.

Kvardagen er best

– Eg vil fortelje om kvardagen, seier tekstilkunstnar Maria Manuela Rodrigues. Ho er innom Norsk Trikotasjemuseum for å gjere samtaler med ei gruppe tidlegare arbeidarar frå Salhus Tricotagefabrik. Deira personlege forteljingar om livet på fabrikken og i Salhus vil ho bruka i kunstverket – saman med plagga dei leverer frå seg.

– Enkelte plagg er lappa på, seier ho.

– Dette vil eg vise, at slik går det også an å gjere.

– Likar du kvardagen?

– Aller best, svarar ho.

Dei små augneblikka

For kvardagen inneheld ein eigen tryggleik, der ein veit kva ein får.

– Eg likar best det som skjer før høgtidene og feriereisene, seier Rodrigues.

– Førebuingane er viktige, det å kunne gleda seg til noko. Overraskingar er også fint, men det er dei små tinga i kvardagen som er verdfulle.

I poetiske vendingar fortel ho om dei små augneblinkane – der ei lita merksemd, eit blikk eller ei berøring kan ha stor verdi.

– Når du lever gjennom din dag – med felles frukost, kyrkjebesøk, alt det som skjer – så er det dette som blir igjen.

Mitt Havai

Det kan vera ein morgon innhylla i skodde, blad som fell på bakken, vassdropar som samlar seg i togvindauget medan landskapet passerer.

– Tida fjernar augneblinkane?

– Ja, men dei etterlet seg spor i minnet. Det er dei spora eg vil fortelja om.

Sjølv brukar Rodrigues innimellom musikk for å kome seg bort frå kvardagen.

– Søramerikanske rytmar tek meg tilbake til min eigen kultur, seier ho, og fortel at ho er fødd og oppvaksen på den portugisiske øya Madeira.

– Eg har alltid ynskt meg bort frå der eg var, fortel ho.

– «Havai» er eit fiktivt land eg har skrive ei bok om. Boka handlar om den staden eg drøymde meg vekk til i oppveksten. Der var det palmetre, kokosnøtter – og alltid meir sol enn andre stader. Det er mitt Havai.

Se også nettsidene til Norsk Trikotasjemuseum og Maria Rodrigues

Kva synes du om underbuksekunsten? Sei di meining i kommentarfeltet under:

Magne Fonn Hafskor
TEKST OG TEKSTIL: - Eg finn ikkje inspirasjon i maskinane her, men i folka, seier Maria Manuela Rodrigues, som vil fortelja historia til dei tidlegare fabrikkarbeidarane gjennom tekstar og tekstilar. - Det blir eit slags arkiv som eg brukar til å lage eit visuelt uttrykk, seier ho, her saman med dei tidlegare syerskene ved fabrikken Astri Falkanger, Hedvig Tellevik og Solveig Morvik.
Magne Fonn Hafskor
Magne Fonn Hafskor
SYERSKE FRÅ SALHUS: Det var kjekt å arbeida, men me kunne ikkje legga oss sjuke, seier Hedvig Tellevik.
Magne Fonn Hafskor
EI ANNA TID: - Plagga skal visast fram slik dei er, seier Maria Manuela Rodrigues. - Nokon er brukt så lenge at dei er blitt lappa på, andre ligg framleis uopna i den originale emballasjen. Alt saman er ein del av same forteljinga.
Magne Fonn Hafskor
STYGT ER FINT: Folk kan levere plagg til oss heilt fram til nyttår, seier Ann Kristin Ramstrøm. - Gå heim, rydd i skuffer og skap. Er det stygt, kan det likevel vere at me synest at det er bra.
Magne Fonn Hafskor