Det er snart to år sidan visekongens krone vart seinka i fjorden. 12. september i 2005 vart visekongen røysta ut av eit fleirtal av sambygdingane i Fusa. Då pakka Fusakongen kofferten og reiste til republikken Uruguay. I løpet av to års eksil skal han ikkje setje sin fot korkje i Fusa eller i Noreg . Den tida er over på nyårsaftan 2007.

Men på andre sida av ekvator, i Uruguay, har Morten Holmefjord gifta seg. Saman med kona Patricia har han slått seg ned i småbyen Piriapolis. I mars ventar ekteparet barn, først i 2009 tenkjer Holmefjord å kanskje ta ei vitjing til Fusa og gamlelandet. Eks-visekongen ser framover, han vil vidare etter konge-tida.

— Prosjektet med kongedømet bli røysta ned av fusingane. Det er difor eg er her, seier Holmefjord.

I Piriapolis sit han i dag og jobbar med sine kunstprosjekt. Her sit forfattar han også "Piriapolisposten", ei interlokalavis for Fusa og Piriapolis - naturleg nok med vekt på det siste. Piriapolisposten kjem ut fire gongar i året, digitalt på pdf til 80 abonnentar og vert seld i Br. Eikelands kolonial i Eikelandsosen. Grunna låge opplagstal varslar Holmefjord at neste års Poriapolispost kan ta ein slutt.

KNUT EGIL WANG