Tall Ships’ Races i Måløy har eit alkoholsvinn på 4,9 prosent. Rådmannen meiner svinnet var vanskeleg å unngå.

Servering og skjenking av alkohol har vore eit av dei store stridspunkta i etterkant av seglskutefesten. Ei rekkje av spørsmåla som på førehand er leverte inn av dei folkevalde, går nettopp på alkoholhandteringa. I botnen ligg påstandar om at store mengder alkohol skal ha blitt borte.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun opplyste på kommunestyremøtet at den siste gjennomgangen viser at 4,9 prosent av alkoholen er å sjå på som svinn. Sagt på ein annan måte er kvar tjuande halvliter vekke.

— Dette kan forklarast med svinn som skjer i samband med servering frå tappetårn, sa rådmannen.

Han avviste at dei ikkje hadde kontroll med skjenkinga.

— Vi hadde god kontroll. Rutinane blei følgde. Vi skulle gjerne vore utan svinnet, men det er vanskeleg å unngå.