Meir enn 60 prosent av dei som bur i skredutsette område her i landet, er busette i indre delar av Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Berre i Sogn og Fjordane bur grovt rekna kvar femte innbyggjar i område der det kan gå snøras, jordskred eller steinsprang.

Kjem fram i ny rapport

Tale på personar som lever med rasfare kjem fram i rapporten «Klima i Norge 2100» frå det statleg oppnemnde klimatilpassingsutvalet. Måndag i sist veke omkom eit sambuarpar i Balestrand då huset dei budde blei teke av eit sørpeskred.

I mai samlar den nye seksjonen for skredkunnskap og formidling i Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) kommunane i dei tre vestlandsfylka til konferansar om skred og flaumfare.

- Vesentlege konsekvenser

— Frå å ha jamnt regn i dagesvis, ser vi ut til å få ein overgang til meir slagregn. Med det meiner vi store nedbørsmengder over kort tid. Dersom dette held fram, vil det kunne få vesentlege konsekvensar for skredfaren, seier Aart Verhage, senioringeniør ved kontoret som blei oppretta i Førde i fjor.

I morgondagens papirutgåve av Bergens Tidende kan du lese om dokumenterte klimaendringar som har skjedd på Vestlandet dei siste 50 åra.

t