Meir enn 4000 barn og unge har vore involverte i undersøkinga European Youth Heart Study. Målet er å studere samanhengar mellom miljø og livsstil på risikofaktorar for hjarte— og karsjukdommar hos barn.

Undersøkingane viser at barn og unge brukar ein stadig større del av døgnet til det forskarane karakteriserer som stillesitjande aktivitetar. Dei sit meir framfor pc-en, og dei brukar meir tid på fjernsyn og video. I kombinasjon med kosthald som inneheld aukande mengder sukker og feitt, er resultatet at snittvekta på norske og europeiske unge går opp.

Dobbelt så mange

— Dei mest synlege funna for samfunnet er dei som har med vekt å gjere, seier Lena Klasson Heggebø, dr. scient frå Norges Idrettshøgskule. Ho tok doktorgraden på den norske delen av den internasjonale studien. I all hovudsak er denne gjort på 9- og 15-åringar i hovudstadsområdet.

I 1993 var 7,5 prosent av norske 8.-klassingar overvektige. I år 2000 var 11,5 prosent overvektige. Det er ingen skilnad i utviklinga mellom jenter og gutar.

I 4. klasse har 18 prosent av elevane problem med vekta. Her finst det ikkje eldre tal som det kan samanliknast med.

— Når vi på same tid ser at ungdommane brukar meir tid enn for nokre år sidan på å ta del i organisert idrett, ligg det nær å tru at det er utanom organiserte aktivitetar og gjeremål dei er meir i ro, seier Heggebø.

Kvardagsaktivitet

Forskarane meiner barn og unge gjer mindre heime enn før. Dei går sjeldnare ærend for foreldre og besteforeldre, og har færre plikter i heimen. Dei blir oftare skyssa til og frå skule og trening, og dei leikar mindre ute.

— Passiviteten er størst på det vi kan definere som fritida til dei unge. Når det er slik, kviler det eit veldig stort ansvar på foreldra. Dei må motivere til aktivitet og vere gode føredøme, seier Klasson Heggebø.

Ein time kvar dag

Tal frå andre land viser at norske ungdommar følgjer etter jamnaldringane i Europa, og at vi her på berget nærmar oss gjennomsnittet. Barna er tyngst rundt Middelhavet, der så mange som kvart tredje barn frå 7 til 11 slit med overvekt.

Med utgangspunkt i at alle barn og unge bør vere fysisk aktive med moderat intensitet minst ein time kvar dag, er det undersøkt kor mange som oppfyller eit slik krav. Alt mellom niåringane er skilnaden stor mellom kjønna. Medan 13,4 prosent av gutane ikkje tilfredsstiller kravet om ein times aktivitet, gjeld det same kvar femte jente. Mellom 15-åringane tilfredsstiller berre annankvar jente aktivitetskravet, 39 prosent av gutane er for mykje i ro.

— Til eldre ungane blir, til meir inaktive blir dei, seier Klassen Heggebø.