KRISTINE HOLMELID

— Hos oss har kvar bygd sin barnehage. Kommunen meiner det er svært viktig å satse på lokalmiljøet. Difor er vi villige til å bruke mykje pengar på barnehagane, seier Sund-ordførar Albrigt Sangolt.

Tal frå Statistisk sentralbyrå i 2001 viser at Sund kommune er best av Bergen og omlandskommunane når det gjeld barnehagedekning.

71,2 prosent av barna mellom eitt og fem år i Sund har barnehageplass. Kommunen brukar også mest pengar på barnehage per barn i alderen 1-5 år, med over 18.000 kroner i netto driftsutgifter.

Store skilnader

Det er store skilnader på kommunane når det gjeld pengebruk per barn i barnehagealder. Os og Osterøy kommunar brukar minst pengar per barn, med barnehageutgifter på 5919 kroner og 6272 kroner per barn. Det er nær ein tredjedel av kva Sund brukar.

Barnehagedekninga i Os er på 64,4. Lågaste del barn i barnehage har Osterøy, der 46,6 prosent av det totale barnetalet har plass.

Rundt 30-40 barn står på venteliste til barnehagane i Osterøy, fortel oppvekst- og kultursjef Astrid Brandal Øvsthus. Om lag 200 barn har plass.

— Vi har ein relativt sentralisert barnehagestruktur. Barnehagane våre ligg i nedbetalte bygg, noko som kan vere med å forklare dei lave kostnadene per barnehageplass, seier oppvekst- og kultursjefen.

- Masse gøyt og koselig

Sund har seks kommunale og ein privat barnehage. Ved barnehagestart var det ni barn som ikkje fekk plassen dei søkte, det er ein auke frå i fjor.

— Barnehagane i kommunen har eit godt omdøme. Vi ser at mange barn som i fjor hadde plass to og tre gonger i veka, no har heildagsplass. Vi håpar det betyr at dei trivst, seier styrar Anne Britt Fanekrog i Skogsvåg og Hammersland barnehagar.

Rosy (4) og Vilde (3) kosar seg i sandkassen i Skogsvåg barnehage. På spørsmål om kva som er kjekkast å gjere på i barnehagen, meiner Rosy at det er «masse som er gøyt og koselig og sånn». Andre ungar sit i skyggen og teiknar, medan andre igjen fresar rundt på sykkel. I dag er dei mest opptekne av at ei jente skal slutte og flytte til Oslo. Ho skal få gullkrune og ei fin bok.

— Og vi får alle sammen iiis, fortel Eirik (4).