Kvam Bompengeselskap, som vart formelt stifta fredag kveld, skal no setja opp ein bompengesøknad som dei vonar Hordaland fylkesting kan slutta seg til på tingseta i desember. Dei når ikkje fyrste kommunestyremøte i Kvam, som er 4. oktober. Men ordførar Astrid Selsvoll har lova eit omframt kommunestyremøte for denne eine saka.

Vona er at Stortinget kan handsama og vedta bompengepakken før sommaren 2006. Då kan innkrevjing starta opp alt i 2007, om lag samstundes med Vossapakken.

— Vi har fått ein del grunnlagsmateriale frå Statens vegvesen som går på kostnader og trafikkmengder. Dette er enno ikkje kvalitetssikra, difor vil vi førebels halda desse tala for oss sjølve, seier styreleiar Oddvar Brakestad i bompengeselskapet til Bergens Tidende.

Ingenting frå staten

— Det er på høg tid å få gjort noko med tryggleiken på vegane i Kvam. Men vi veit at vi ikkje får statlege midlar til dette. Difor har vi ikkje noko anna val enn satsa på bompengar.

Oppdraget til bompengeselskapet ser litt annleis ut enn utkastet som var til politisk handsaming i Kvam herad for nokre veker sidan.

— Vi har med tunnel gjennom Børveneset og gang/sykkelveg mellom Nes og Tolo på strekninga Norheimsund-Øystese. Så har vi trafikksikring på Rv. 7 over Kvamskogen. Rv. mellom Vikøy og Norheimsund er med, og så skal vi greia ut tunnel under Kvamskogen, seier Brakestad.

Statnett og BKK?

Kommunestyret ber særskilt om at bompengeselskapet skal greia ut kostnaden med tunnel under Kvamskogen. I oppdraget ligg det og krav om at bompengeselskapet skal få på bana «andre samfunnsinteresser som kan bidra økonomisk til gjennomføring av prosjektet». På godt norsk betyr dette Statnett, som planlegg eit nytt kraftsamband mellom Sima i Eidfjord og transformatorstasjonen ved Mørkhølen i Samnanger. Dersom Statnett får pålegg frå styresmaktene om å leggja kraftsambandet i kabel, er ein kabeltunnel under Kvamskogen eit aktuelt alternativ. Kvam herad vil ikkje la det høvet gå frå seg til å få ein biltunnel med på kjøpet.

— Kanskje kan BKK og ha interesse av å vera med, seier Brakestad.

25 kroner

— Vi har fått stadfest frå Noregs vassdrags- og energidirektorat at det ikkje er tekniske hindringar for kombinert bil- og kabeltunnel. Det er berre kostnaden det står på. Men Kvam Herad står beinhardt på at det ikkje kjem på tale å gå med på luftspenn.

Kvam Bompengeselskap går framleis ut frå ein bompengesats på 25 kroner, og innkrevjing i kvar ende av kommunen. Det vil seia på grensa i Eikedalen og ved Klepso, på grensa til Granvin.

KNUT STRAND