Ifølgje årets statsbudsjett trengst hundre nye soningsplassar for å bøte på køen i vest. Det kan bety inntil hundre nye arbeidsplassar i institusjonen.

Fengselsnæringa har dermed stort potensiale for kommunar som slit med minkande folketal og negativ utvikling. Som Kvam i Hardanger.

Heradet ønskjer no å snu den vanskelege situasjonen i norsk kriminalomsorg til noko positivt for regionen, og har bedt om eit møte med justisminister Odd Einar Dørum for å drøfte ei eventuell etablering av fengsel i bygda.

— For oss betyr eit fengsel først og fremst statlege, sikre arbeidsplassar. Det treng Hardanger, seier næringsutviklar i Kvam herad, Jan Tjosås, til BT.

— Kvifor satse på akkurat fengsel ?

Det blir stille eit par sekund.

— Har du ein betre idé, kanskje? Dette kan bety mange arbeidsplassar over eit vidt spekter for oss.

- Tomt det minste problemet

Tjosås meiner det er mange gode argument for å byggje fengsel i Kvam, som ligg ein dryg time frå Bergen.

— Det er nært nok, samtidig som det for enkelte fangar kan vere godt å kome bort frå miljøet i Bergen. Vi har god infrastruktur, vidaregåande skular, tomter og eit godt helsevesen. Dessutan er Hardanger fartyvernsenter i Norheimsund vant til å ta seg av ungdom med problem.

— Kva med tomt?

— Det har me ikkje diskutert, men det er det minste problemet. Kvam er stort!

— Fryktar de ikkje at kvemmingane kan vere skeptiske til å huse fengselsfuglar?

— Det veit vi ikkje, men vi veit derimot at det finst eit lite fengsel i Vik i Sogn, som bygdefolk kjempar for å behalde. Det seier noko om at problema ikkje er større enn at summen er positiv.

Etterlyser drahjelp

Direktør for Kriminalomsorg region vest, Per Sigurd Våge, set pris på interessa frå kvemmingane. Etter hans meining er likevel ei utviding av det eksisterande fengslet i Bergen ei betre løysing.

— Men det er kjekt at små kommunar er vakne, og ser at fengsel er ein etat i vekst, seier Våge til BT.

— Frå Bergen kommune har vi derimot ikkje høyrt eitt ord, og det forbausar meg. Det er trass alt snakk om hundre nye arbeidsplassar. Også vi treng drahjelp frå politikarane i Bergen, slik mellom anna Konkurransetilsynet har fått.