Kvam vil lære turisme av Stryn
- Publisert: 25.aug.2003 06:00
- Oppdatert: 25.aug.2003 06:00
For hundre år sida, i turismens barndom, gjekk over 90 prosent av cruisetrafikken inn Hardangerfjorden. Norheimsund var ein viktig turiststoppestad, og gamle Sandven Hotel vart bygd alt i 1957, 27 år før det første Hotel Alexandra opna. Sidan har det skjedd mykje i Loen. I Norheimsund har det ikkje skjedd like mykje. - Utviklinga i Norheimsund har kanskje vore synonymt med utviklinga til hotellet, seier Tron Bach i Sandven Hotel. Det har stått litt stille. Næringsutviklar Jan Tjosaas fryktar gradvis forgubbing. Kommunen vil ha vekst i folketalet. For å få til, må det bli fleire arbeidsplassar. Ei studietur til Stryn kan Tjosaas godt tenke seg. Det negative i Kvam
Tjosaas peikar på eit par negative trekk ved Kvam som Bergens Tidende ikkje finn igjen i Stryn. Først og fremst bygdestrid, eit næringsliv som jobbar kvar på si tue og så litt jantelov. - I Austevoll kan du bygge deg det største karnapphuset på den største knausen og alle tykkjer det er storvegs. Hadde du gjort det same her, trur eg det hadde gått gale. Men kvemmingane er også ramma av vedtak tekne langt utanfor deira kontroll. Medan Eivind Grov og resten av stryningane har fått nye vegar og tunnelar i nesten alle retningar, har Kvam mista statusen som gjennomfartsåre mellom Vest- og Austlandet. Kvam vart liggjande i bakevja. - Det slit vi med. Difor er vi ihuga på både Jondalstunnel og Hardangerbru. Alt som kan få oss inn på kartet igjen, seier Tjosaas. Den beste modellen
Oddbjørn Bukve, som har tatt doktorgraden på ein studie av næringsutvikling i åtte små kommunar, peikar ut Stryn som eit særtilfelle i avhandlinga si: Stryn har eit svært variert næringsliv - med mange ulike typar verksemder. Og samstundes er stryningane opne mot kvarandre og flinke til å utveksle erfaringar og samarbeid seg i mellom. Den beste modellen som finst for å skape grobotn for lokal vekst, meiner Bukve. Det er godteke å gjere suksess her. - Eg trur du i veldig stor grad blir beundra. Og dei som gjer det godt, er også i stor grad interessert i å hjelpe dei som går mindre godt, seier Jon-Rune Heimlid i Stryn Næringshage. På designarjakt
På loftet til kontorbygget til Stryn Næringshage sit Heimlid og planlegg ein ny framstøyt frå næringslivet og kommunen i Stryn. Stryn har fått lite gratis. Det er lang veg til store marknader. Høgskule- og forskningsmiljø er det lite av i nærleiken, og ingen kommunar i Sogn og Fjordane og Hordaland har færre offentleg tilsette enn Stryn . Men likevel er stryningane mellom dei ivrigaste på Vestlandet til å starte nye bedrifter, slik det gjekk fram av ei oversikt i Bergens Tidende laurdag. Og stryningane dreg lasset saman. På loftet hos Heimlid er målet å samle mindre og nye bedrifter og skape eit fellesskap som bedriftene elles ikkje ville få. Heimlid er spesielt ute etter nye typar verksemder som Stryn ikkje har frå før, og som næringslivet elles i kommunen kan ha nytte av. Designarar, til dømes. Stryningane lagar alt frå bussar til fårepølser, og for industrien ville eit lokalt designmiljø utan tvil vere eit pluss. Men det er ikkje kommunepolitikarane som skal bere dette fram til suksess, trur Heimlid. - Det som gjer at Stryn har sjanse til å lukkast med ein slik næringshage, er at vi har så mange engasjerte næringslivsfolk rundt oss, seier Heimlid. Lang historie
Oddbjørn Bukve seier det ligg ei lang historie bak at det har gått så bra i vesle Stryn. På 60- og 70-talet var kommunen flink til å kapre nye arbeidsplassar gjennom å bruke nye distriktspolitiske verkemiddel, og ved å drive eit aktivt tiltaksarbeid. Etter at industriveksten ebba ut, har stryningane vore flinke til å byggje vidare på det dei har. Olav Tenden driv søppelkøyring og søppelhandtering. Før heldt han til midt i Stryn sentrum. Trongt for han og utriveleg for naboane. To år etter at han byrja å sjå seg om etter ein ny stad å drive på, var han på plass i nyskipa Stryn Miljøpark, nokre kilometer vest for Stryn, langt unna alle bustadhus og med god plass. Då hadde kommunen regulert området, og lagt ut straum, vatn og kloakk. - Der syns eg kommune gjorde ein veldig god jobb, seier Tenden.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Forslått mann funnet på Høyden
Bar preg av å være banket opp. Har ligget ute i hele natt.
-
- Måtte bare slenge bilen av veien
Kvinne påkjørt, flere biler i grøften. Ekstremt glatt flere steder.
Vegrapport
-
Rv 50
Vassbygdi - Grimsete
-
Ev 16
Nyheim - Gudvangen
-
Ev 16
Håbakken - Borlaug
-
Rv 13
Nesflaten - Røldal
-
Rv 13
Jøsendal - Odda
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 22:59 Toppkamp i vintervær
- 22:22 Dypdykker i middelalderen
- 21:24 Ville ha pappaperm: Ble ikke ansatt
- 21:02 Misbrukte stesønnen
- 20:12 Britisk par lot sjuåring sulte i hjel
- 19:57 FFK slo Sogndal
- 19:53 Toppkamp i snøvær
- 19:46 Ehiorobo fortsetter i Løv-Ham
- 19:05 Ønsker seg Huseklepp
- 18:40 Dømt for ran
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.
























































