— Eit samla formannskap har gitt meg fullmakt til å gje klagen ekstra tyngd, seier ordførar Astrid Faresteit Selsvold.

Kvam er det mest folkerike heradet i Hardanger.

Klagen vart send like etter at Olje- og Energidepartementet 2. juli gav konsesjon for høgspentlina Sima-Samnanger, trass i at det var lova ei tilleggsutgreiing. Rett før helga sende advokat Dag Seinfeldt eit brev til Sivilombodsmannen på vegne av klagarane. Her blir grunnlaget for klagen utvida.

- Sakshandsamingsfeil

Seinfelt meiner det er gjort sakshandsamingsfeil, slik at konsesjonsvedtaket og oreigningsløyvet er ugyldig.

— Vi sluttar oss til både den opphevelege klagen, og det nye tillegget, seier Kvamordføraren.

Krev anleggsstopp

Kvam formannskap vedtok i dag også ei fråsegn fleire krav. Anleggsarbeidet må ikkje setjast i gang før ekstern kabelutgreiing er gjennomført (1. februar 2011). Utgreiinga må ikkje berre gjelda sjøkabel, men også jordkabel i vegtunnel under Kvamskogen. Ulike ilandføringsalternativ for sjøkabelen må utgreiast. Ilandføring i regionssenteret Norheimsund vert ikkje akseptert.

Dessutan krev også Kvam ei ny, sjølvstendig utgreiing om forsyningstryggleiken i Bergen, og trongen for ei ny 420 kV kraftline gjennom Hardanger. Blir det likevel luftspenn, går Kvam inn for alternativet på nordsida av Kvamskogen.

— Er det ikkje alt for seint å koma med ny traséløysing etter at konsesjon er gitt og klager avvist?

— Då må eg berre sitera statsminsteren så seint som 10. august. Då inviterte han kommunane til å diskutera den endelege utforminga av den vedtekne traseen, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold.