ERLEND SPURKELAND

På kaien ved mottaket I Blomvåg vandrar fire kvalfangarar rastlaust og litt nervøse rundt. For anledningen malplassert iført hygienisk kvite frakkar og huer. Har spylt og vaska, gjort reint til denne skjebnestunda. I lasterommet på «Ulvøy», godt gøymt i is, ligg fire tonn kvalkjøt til ein verdi av 90.000 kr. Resultatet av fem dagars fangst blei to vågekvalar tatt vest av Fedje/Bulandet. Tidlegare i sommar har dei tatt 27 kvalar i Barentshavet. Desse to siste er ein ekstrakvote.

Kjøtkontrollør

— Han e' sein i dag, kommenterer Atle Dale, skippar og skyttar om bord i kvalfangarskuta. Fem minutt etter ruta rullar Roar Ektvedt ned på kaien. Til dagleg distriktsveterinær i Nordhordland, og blant dei få i landet som er godkjent kvalkjøtkontrollør. Han har tretti års erfaring i gamet og har jobba på mottak på Skrova i Lofoten. Iført romdraktliknande kvit kjeledress, skoposar, hygienisk hue og gummihanskar skrid han til verket. Rundt livet, i improvisert plastposebelte, dinglar tollekniven.

— Desse kontrollane er det kjekkaste eg gjer i jobben. Dei er krydder i tilværelsen, innrømmer han smilande. - Og det er greie og stolte folk eg møter.

Nedkjøling

Ektvedt kjenner kvalkarane, og dei han. Begge partar har vore gjennom seansen mange gongar før. Stemningen er god, og litt spent. I lasterommet skyflar Rune Dale, tredje generasjon kvalfangar, vekk raudflekka is så sveitten driv. Mørke flak dukkar opp nede i isen. Store «lonsar» på opptil 150 kilo vert hekta på kvasse krokar og heist opp til ventande plastkar og kontrollør. Kvalkjøtet har allereie lege nedisa ei veke.

— Må modnast såpass, opplyser kvalskipparen. Han påstår at kjøtet kan tola ising utan kvalitetstap i inntil tre veker.

Flytetest

No kjem det mest spennande for fangarane, måling av kjøt-temperaturen. Er den for høg, vert kjøtet skrota.

— Men det er årevis sidan så har skjedd, fortel Ektvedt. Fokus på kvalfangst har gjort kvalfolket meir ærekjære. Holdning og hygiene er forandra. Han fortel at i riktig «gamle dagar» vart «flytetesten» nytta: Ein bit kvalkjøt vart kasta på sjøen. Sokk den var kjøtet ok. Flaut den, var det bederva, for då inneheld det gjæringsgass!

Smaksprøve

Sonden i kjøtet viser under 1 grad C. Veterinæren nikkar nøgd, og kvalfolket slepper fram eit letta smil. Ektvedt luktar på kjøtet, kommenterer fargen, noterer på blokka. Dreg fram kniven og snittar i kjøtet. Skjer nokre tynne sneier. Stappar i munnen og tygg vurderande. Smattar; «Godt!» Sjølv om han personleg likar kvalkjøt frå Barentshavet best. Det er lysare og mindre feitt. Hans favoritt er kvalbiff. Steikt 3-4 minutt på kvar side. Men ikkje meir, for då vert det «skosåle» ler han.

I Øygarden derimot vert kjøtet tradisjonelt nytta i brun saus med poteter attåt, fortel kvalfangar Dale.

— Men sjølvsagt kan kvalen kan brukast til alt, legg kvalskipparen skrytande til. Folk ringjer når dei ser båten er komen inn, og jungeltelegrafen går. Bestillingslista er allereie lang, og Dale reknar med å få selt alt lokalt i Øygarden. Slik vert det og mest forteneste av.

Lokalt salg

Alt kjøtet er kome i land. Står på kjølelager. Seinare skal det skjerast, sorterast i kvalitetar, prisast og vakumpakkast. I dette arbeidet er «heile slekta» med. Deretter kan kjøtet lovleg selgjast til forbrukar over disk frå mottaket på kaien. Skipparen håpar at den japanske marknaden snart tek seg opp att, med endå betre prisar. Skippar og kontrollør utvekslar skjema og papir i styrehuset, «Shakar hands». Mannskapet ryddar, legg på lukekarmane. Tek helg. Kontrolløren skal tilbake på kontoret. Jobben er gjort.

RUSTFRITT: Skippar og skyttar om bord i kvalfangstskuta «Ulvøy» Atle Dale. Her nyttar det ikkje med Mustads krok nr. 1. Utsyret har fangarane laga sjølve. Kvalfangarutsyr er ikkje vanleg handelsvare lenger.
FOTO: ERLEND SPURKELAND