52-årige Jarle Kvalheim, som er tiltalt for blant anna momssvindel på 293 millionar, erkjente delvis straffskuld då tingrettsdommar Terje Mowatt gjekk nærare inn på tiltalen. Han erkjente straffskuld for ein mindre sum enn dei 293 millionane, og erkjente for øvrig skuld for brot på reglane for rekneskap og bokføring i selskapet OK Fish Kvalheim AS der han var dagleg leiar og styremedlem.

Dermed starta saka i Nordfjord tingrett i Førde som venta mandag føremiddag, idet Kvalheim erkjente straffskuld på dei same punkta som han tidlegare har gjort overfor politiet.

Han nektar for å ha svindla til seg personleg dei store summane han er tiltala for, men har ifølgje forklaringa berre svindla til gode for selskapet OK Fish AS.

Påtalemakta meiner at Kvalheim også har stukke store verdiar i eiga lomme, særleg i samband med salet av oppdrettsverksemda i OK Fish til Pan Fish hausten 2000.

DOMMAR: Tingrettsdommar Terje Mowatt. FOTO: ODDLEIV APNESETH