— Ingen problem. Dette var festleg, forsikra den for lengst pensjonerte adjunkten frå Fana.

Han smilte som ei sol då han kom i land etter 400 meter fjordsymjing, fekk blomar, og vart gratulert av Balestrand-ordføraren.

Sognefjord Swim Festival vart i går avslutta med Mini Challenge, konsert med Idol-Tone og After Swim i Balestrand.

Fjord til bre

Britane, russarane, finnane og dei ivrigaste nordmennene har halde det gåande sidan torsdag. Då var isbading innslag i ein stafett opp til brekanten på Nigardsbreen. Ungdomshuset i Feios på sørsida av Sognefjorden vart for lite til tilstellinga fredag kveld. Ikkje alle fekk plass.

Den store utfordringa for fjordsymjarane, Sognefjord Challenge, har startpunkt mellom Feios og Fresvik. Derifrå er det 3,7 kilometer tvers over fjorden til Nokkaneset på Hermansverk. Ikkje uventa var briten Lewis Gordon Pugh den første til å ringa med bjølla ved ilandstiginga.

— Eg var veldig spent på kor sterke russarane var. Men dei er vande til langt kaldare vatn. Hadde vêret vore så dårleg som i fjor, ville det vore vanskelegare å slå dei, seier Pugh til Bergens Tidende.

Internasjonalt

Lucy Petrie hang godt på. Ho kom i land to minutt etter Pugh. Også ho sumde distansen på under ein time.

— Lucy er veldig sterk. Ho sumde saman med meg i to av dei 21 dagane eg brukte på å symja Themsen på langs nyleg, fortel Pugh.

Margy Sullivan sytte for at britane tok alle medaljane og viste russiske Alexandr Brylin til fjerdeplassen. Sønnøve Husabø Cirotzki (33) frå Sogndal vart nr. 6 og 16-åringen Ingrid Taklo Sekse frå Leikanger imponerte med 11. plassen.

Engelskmannen fekk i helga skryt frå fleire ordførar i Sogn for å ha «oppdaga» Sognefjorden, skapt omgrepet fjordsymjing og utfordra dei til å skipa ein festival som involverer fleire bygder.

— Deltakartalet vart dobla frå i fjor til i år. Til neste år må det bli ei ny dobling, frå maksimalt 30 til 60 deltakarar, seier Pugh til Bergens Tidende.

— Det er nok symjarar i verda. Problemet blir å finna mange nok kajakkpadlarar til fylje, men sikringsopplegget kan forenklast, legg han til.

Arne Hofseth