Denne opplysninga frå Andreas Nygaard frå Kleppestø blir enda meir oppkvikkande når han fortel at også Kvikk kan ha vore der.

— Dei var to ender i fylje den første tida. Ei svart, som på biletet i avisa, den andre kvit, fortel Nygård til Bergens Tidende.

Men dei siste dagane har den svarte vore åleine.

Askøyværingar har gått ut frå at dei var «mann og kone», og at «kona» no har stukke av. Men denne teorien har fugleekspertar liten tru på. Skilsmisse er aldri aktuelt blant raudknoppender. Dei held saman til døden skil dei. Dessutan er anda på BT sitt bilete ikkje en fullvaksen hann. Den karakteristiske kulen ved nebbrota manglar. Det må vera ein hofugl eller ein ung hanne.

Hjå familien Totland Lunestad i Rosendal meiner dei at Kvikk og Kvakk begge var ho-ender. Difor er observasjonen frå Askøy interessant. Kvikk kan ha innleia eit parforhold, medan Kvakk plaskar rundt i Vatnevatnet på Askøy som laustaus.

NÅR ANDA ER GOD: Kvakk er kvikk, men kven er kven?<p/> FOTO: FINN A. LILAND