Eit bustadlån på beste vilkår i banken er dermed nede på 3,1 prosent nominell (3,2 prosent effektiv) rente på nye lån.

Eksisterande lånekundar i banken får si rente justert ned først 20. februar, skriv Sogn og Fjordane Sparebank i ei pressemelding.

Styringsrenta frå Norges Bank er no på rekordlåge to prosent, og onsdagens signal frå nasjonalbanken er at det kan komme ytterlegare kutt.