Dei to sognekommunane balanserer på kanten av stupet, og klarer ikkje å betale rekningane sine på vanleg måte lenger. Denne månaden har ordførar Åse Kari Einevoll i Balestrand vore nøydd til å skrive under på ein kassakreditt for å greie lønningane. I Gulen trua kollega Trude Brosvik alt i vår med å krevje oppbod, og la staten ta over styringa. I desember kan det bli gjort alvor av. I så fall som første kommunen i landet.

Frå lita lysning til det verre

I går var dei begge med då Fylkesmannen i Sogn og Fjordane presenterte konsekvensane av statsbudsjettet for kommunane.

— Ei lita lysning, men langt frå nok, konkluderte Brosvik etter å ha sett at Gulen får ein vekst i inntektene på nær sju prosent neste år. Etter at venta prisvekst er trekt frå, kunne Brosvik konstatere reell vekst i kommunebudsjettet neste år.

Då er det langt verre med Balestrand. Inntektene aukar med 0,08 prosent. Når prisstigninga er kalkulert til 3,75 prosent neste år, er Einevolls konklusjon klar:

— Vi snakkar om ein reell nedgang.

Dei to er begge samde om at barnehagesatsinga kjem til å få store følgjer, og meiner kommunane rett og slett ikkje har råd.

— Det er heilt håplaust at Stortinget slengjer ut godbitar til folket, utan å vite korleis det skal finansierast, seier ein irritert Gulen-ordførar.

Pleie og omsorg

I begge kommunane kjem det i oktober framlegg på bordet om kva som skal gjerast for å få balanse i neste års budsjett. Gulen har attpåtil fått økonomisk hjelp frå Kommunenes Sentralforbund, og har engasjert eit konsulentfirma til å gå gjennom heile drifta. Begge ordførarane ser føre seg smertelege kutt. Og at dei vil komme innan pleie og omsorg.

— I realiteten ser vi no på minimumsløysingar. Vi kan spare ved å fjerne alle tilbod som ligg over fastlagt minstestandard, seier Brosvik.

— Det betyr dårlegare tilbod for dei som har behov for pleie- og omsorgstenester, i praksis sjuke og eldre?

— Ja, det er heilt klart, svarar Einevoll.

Sløkkje lyset

Orienteringa frå fylkesmannen om statsbudsjettet fekk ikkje noko særleg optimistisk mottaking under konferansen i Førde i går. For kommunane i Sogn og Fjordane samla blir det reelt mindre pengar neste år. Sjølv om overføringane aukar noko, kompenserer ikkje dette for prisveksten.

— Spørsmålet blir jo i grunnen kor tid vi skal sløkkje lyset, konstaterte Gloppen-rådmann Martin Lyngstad.

Fleire reagerte også på at Kommunaldepartementet no strammar inn på støtte til samarbeidsprosjekt mellom kommunane, og heller vil dele ut midlar for greie ut samanslåing. Fleire tolka dette som press frå regjeringa for å få til kommunesamanslåing.

Men ikkje alt var heilsvart.

— Det som gler meg mest er at det er sett av meir pengar til å hjelpe dei fattige i eige land og til u-hjelp. Vi skal trass alt hugse på at vi har det godt, seier Trude Brosvik.