TERJE ULVEDAL

Dette er medisinen Helse Førde skriv ut for å få orden på økonomien.

Helseføretaket i Sogn og Fjordane må redusere drifta med 80 millionar kroner for å komme i økonomisk balanse innan utgangen av 2005. Den dramatiske spareplanen som blei presentert i går ettermiddag, kjem fram for styret i Helse Førde alt kommande torsdag.

Det mest dramatiske alternativet for å få ned utgiftene i Helse Førde, er truleg alternativet som har størst sjanse for å gå gjennom. Fordi helseføretaket då når sparemålet, i alle fall på papiret.

Alle operasjonar til Førde

I så fall blir dei kirurgiske avdelingane i Lærdal og på Nordfjordeid lagt ned. Alle operasjonar skal heretter skje på Førde sentralsjukehus.

I Lærdal blir også den ortopediske avdelinga avvikla. Den forsterka fødestova som blei starta for berre få månader sidan, går truleg med i dragsuget som følgje av at den kirurgiske avdelinga forsvinn. Alternativet er ei vanleg fødestove utan akuttberedskap. Og fordi dette framlegget også inneber redusert drift av indremedisinsk avdeling i Lærdal, vil sjukehuset knapt stå tilbake med noko meir enn vanleg legevaktberedskap.

På Eid-sjukehuset blir også akuttberedskapen redusert, men sjukehuset får behalde avdelingar for føde, ortopedi og indremedisin.

Bøddelstyre

— Dette er rett og slett opprørande. Eg har alt fått mange telefonar frå sinte og oppgitte indresogningar, seier Bente Øien Hauge i aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus.

Ho viser til at då fødeavdelinga blei gjort om til fødestove, sa styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde at dette ville styrke sjukehuset i Lærdal.

— Det var så seint som i januar. Då må vel ein kunne seie at det var ei utsegn som gjekk fort ut på dato. Sjølv om ansvaret for det som no skjer ligg hos regjeringa og Stortinget, syns eg det er underleg at folk frivillig vil sitje i eit styre for å vere bødlar.

Til Bergens Tidende seier Øien Hauge at ho opplever det som no skjer som ei dramatisk endring av helse-Norge som skjer bit for bit, for at folk ikkje skal reagere.

— Held det fram slik, er eg overtydd om at sjukehuset i Lærdal om kort tid ikkje vil vere noko anna enn eit distriktsmedisinsk senter, seier ho.

- Døy på veg til Førde

Kuttframlegget blei i går ettermiddag presentert for dei tilsette gjennom allmøte på dei tre sjukehusa. Og reaksjonane etter at kutta blei kjende, kjem ikkje berre frå Indre Sogn. Leiaren av sjukehusaksjonen i Nordfjord, Svein Hansen, meiner framlegget set pasientanes ve og vel i fare:

— Dette vil føre til at ein del personar kjem til å døy på veg til sjukehus i Førde, sa Hansen i eit intervju på NRK Sogn og Fjordane.

Også frå politisk hald er motførestillingane sterke. Stryn-ordførar Nils P. Støyva har gjort det klart at alt i dag blir nedskjeringane tatt opp som hastesak i Nordfjordrådet. Og tidlegare leiar av helseutvalet i Sogn og Fjordane frå den tida fylkeskommunane dreiv sjukehusa, Svein Kåre Senneset, fryktar at det som no skjer er starten på slutten for sentralsjukehuset i Førde. Hans resonnement er at svekkinga av lokalsjukehusa i neste instans kan svekke pasientgrunnlaget for Førde-sjukehuset.