Etter at sommarsesongen er over, kan det bli lite å velje mellom i matvegen på ei rekkje ferjestrekningar.

— Vår plan er at alle endringane skal vere sett i verk frå september, stadfestar ferjesjef Svein Solheim.

På Dale-Eikenes, Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll, Aksvoll-Værlandet-Bulandet og ei av ferjene i sambandet Hella-Dragsvik er tilbodet om å kjøpe mat og drikke alt fjerna.

Redusert opningstid

I tillegg vurderer ferjeselskapet å innføre sterkt reduserte opningstider og vareutval på sambanda Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella, Smørhamn-Kjelkenes, Stårheim-Isane og Måløy-Oldeide.

— Dette er lange ferjesamband, det lengste tek over ein time. Då har vel dei reisande også eit ekstra stort behov for ein kaffikopp og matbit.

Er det god service å redusere kiosktilbodet?

— I desse sambanda har vi lite trafikk. Omsetnaden er så liten at vi ikkje lenger kan forsvare å oppretthalde dagens tilbod. Vi håpar å få til ei ordning med open kiosk den tida på dagen trafikken er størst. Utanom opningstid er meininga å få på plass eit opplegg for sjølvbetjening, seier Solheim.

Men også på dei meir trafikkerte ferjestrekningane blir det redusert tilbod i kioskane.

— Vi legg opp til eit enklare system.

Overflødige kokkar

Konsekvensen er at fleire kokkar om bord på ferjene blir overflødige. Til Bergens Tidende seier ferjesjefen at det er uklart kor mange kokkar som skal ut.

— Vi kan ikkje utelukke oppseiingar. Men vi trur vi skal unngå det med ein kombinasjon av naturleg avgang og tilbod om omskulering til matrosar. Kokkane på ferjene har også laga mat til mannskapet. På ferjene der kokkane blir borte, forsvinn også kokinga.

— Dei tilsette vil få mat frå catering-selskap, omtrent på same måte flyselskapa gjer med matservering.

Store summar

Svein Solheim ønskjer ikkje å gå ut med kor mykje Fylkesbaatane skal spare på omlegginga.

— Men vi snakkar om vesentlege summar. I dag er det slik at kioskdrifta på ferjene går med stort underskot. Med omlegginga har vi som mål å få til eit lite overskot.

Kutta har vore framme for styret i Fylkesbaatane, og administrasjonen har fått i oppdrag å setje i verk nedskjeringane. Til Bergens Tidende seier Solheim at dei har hatt eit omfattande samarbeid med dei tillitsvalde om omleggingane.

I Sjømannsforbundet vil ingen kommentere reduksjonane i kiosktilbodet.