Skulestriden i Kvam har fare vide utover grensene til Hordalandskommunen. Men no blir det rusta til skulekamp også i andre kommunar.

Ein gjennomgang Bergens Tidende har gjort i Hordaland og Sogn og Fjordane, viser at det gjennom budsjetthandsaminga som går føre seg i desse dagar, og gjennom planar som skal lagast neste år, kan bli skulestrid i 21 av 59 kommunar.

Frå utbygging til nedlegging

I Nordfjord kan konfliktane bli store. Her kan nærare ti skular stå for fall i fire kommunar. For fleire av dei kan avgjerd om nedlegging bli teken før jul.

I Haugen krins i Eid kommune slo utspelet om å avvikle skulen med kring 85 elevar ned som ei bombe. Bygdefolket var nemleg førespegla utbygging.

— I valkampen blei det klart sagt frå om at endringar i skulestruktur ikkje var tema i Eid. Alle parti, bortsett frå SV, gjekk inn for utbygging av Haugen skule, fortel leiar i arbeidsgruppa for skuleutbygginga, Else Karin Lillestøl.

Så for nokre veker sidan kom meldinga som snudde alt på hovudet. Skulesektoren har fått pålegg om kraftige kutt. I staden for opprusting av det gamle skulebygget på Haugen, kan det bli nedlegging. Planen er å overføre elevane til sentrumsskulen på Nordfjordeid.

Frustrerte og sinte

I krinsen hadde arbeidet starta med å presse på for å få eit utbyggingsvedtak, då dei i staden måtte samle bygdefolket til folkemøte om nedlegging. Haugen har siste åra hatt vekst i talet i barnefamiliar som har flytta heim. Desse gjorde det klart at dei ikkje hadde flytta frå norske byar for at ungane skal transporterast til sentrum.

— Bygdefolk er både sinte og frustrerte. Det litt spesielle er at så mange eldre har reagert. Besteforeldregenerasjonen har engasjert seg kraftig, seier Lillestøl.

— Haugen ligg ikkje så langt frå Nordfjordeid. Er ikkje avstanden akseptabel?

— Avstand er ikkje poenget her. Vi snakkar om ei stor elevgruppe som vil få ein sterkt trafikkert riksveg som skuleveg. Ved enkelte av busstoppa vil det stå over 30 elevar. I tillegg har vi vanskar med å forstå korleis det kan vere plass til så mange nye elevar ved barneskulen på Nordfjordeid.

Gjennomgang neste år

I Eid brenn det også eit blått lys for Kjølsdalen skule. Meir enn 60 elvar kan bli overførte til naboskulen Stårheim. I nabokommunane Vågsøy er det framlegg om å leggje ned skulane Bryggja og Holvik. Sistnemnde blei utbygd for nokre år sidan, og har over 60 elevar. I Gloppen stod tre skular i fare, men her er avgjerda i praksis utsett. Også i Selje har skulestrukturen vore nemnt i budsjettsamanheng, men utan at det har resultert i konkrete framlegg så langt.

Rundspørjinga Bergens Tidende har gjort viser at politikarane i Flora, Fjaler, Askvoll, Høyanger, Vik, Lærdal, Bergen, Austevoll og Samnanger kan måtte ta stilling til endringar i skulestruktur alt før årsskiftet. I Samnanger er det snakk om å behalde begge barneskulane, men samle småskulesteget på den eine og storskulen på den andre.

I tillegg kjem Kvam der det alt er gjort vedtak. Samla er det snakk om at kring 20 skular kan bli avvikla.

Dessutan varslar kommunane Kvinnherad, Fusa, Osterøy, Øygarden, Bømlo, Sveio, Ullensvang og Gulen at det er sett i verk utgreiingsarbeid som kan få konsekvensar for skulestrukturen, kanskje alt neste år.

Øystein Torheim