— Vi får det same kronetilskotet no som for ti år sidan. Det har gjort den økonomiske situasjonen for skulen svært vanskeleg, seier rektor Sjur Hermann Rørlien.

Skulen har difor vore nøydd til å leggje ned enkelte delar av drifta.

— Vi har prøvd å kutte dei tiltaka som har vore mest ressurskrevjande og gitt små inntekter. Mellom anna har vi avslutta ei satsing retta mot å gjere ein større del av gartneridrifta økologisk.

Den økologiske jordbruksskulen i Aurland har kutta fire stillingar på drift siste åra.

— Dette er gjort ved at vi ikkje har erstatta tilsette som har slutta. Vi har difor greidd oss utan å måtte gå til oppseiingar.