— I sommarhalvåret blir dette mykje for lite, seier Jan-Henrik Haveland om vedtaket som blei gjort av samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane denne veka. Det einaste offentlege transporttilbodet til øyane mellom Kolgrov i Ytre Sula og Utvær lengst vest i havet skal gå berre ti turar i månaden.

Båtruta, som er den vestlegaste i landet, har sidan 2006 vore drive som ei bestillingsrute utan avgrensingar i talet på turar. For dette betalte Sogn og Fjordane fylkeskommune i fjor 1,6 millionar kroner. Det meiner fylket er for mykje. No vil dei setje eit tak på 120 turar i året, eller ti i månaden i gjennomsnitt.

Mangedobla folketal

Jan-Henrik Haveland bur på Nautøyna, og er ein av kring 25 fastbuande på øyane som framleis har fastbuande. I tillegg til Nautøyna er dette Indrevær og Utvær.

— Om vinteren vil det nye ruteopplegget truleg vere eit tenleg tilbod, vi er trass alt ikkje så mange fastbuande her ute. Men i sommarhalvåret, når alt hyttefolket kjem, er det langt frå godt nok, seier han.

I sommarmånadene blir folketalet mangedobla på øyane. I tillegg har det siste åra blitt halde omvisingar på Utvær, og det er sett i gang arbeid for å få på plass eit serverings- og overnattingstilbod knytt til fyrstasjonen som var ein av dei siste som blei automatisert.

— Om sommaren er ti turar i månaden eit spytt i havet, seier Haveland.

Fastbuande først

Då saka var føre i samferdsleutvalet, la politikarane vekt på at dei fastbuande skal prioriterast framfor feriefolket.

— Vårt ansvar er å gje eit rutetilbod til dei som bur på øyane, seier nestleiar i utvalet, Trude Brosvik (KrF).

— Korleis skal dette praktiserast?

— Dei praktiske løysingane trur eg dei finn best i Solund.

— Men betyr dette at hyttefolket risikerer å stå att på kaia fordi båten er full av fastbuande?

— Dei gongene ruta går trur eg det vil vere plass til alle. Det vi søkjer å sikre oss mot er at når fastbuande har behov for båtruta, så skal dei ikkje få nei fordi hyttefolket har brukt opp alle turane om sommaren. Dersom feriegjestene har behov for transport, så får dei leige seg båt, meiner Brosvik.

Tøft havstykke

Solund-ordførar Gunn Åmdal Mongstad meiner det ikkje er så enkelt.

— Dette er eit svært hardt havstykke. Det er langt frå alle båtar som kan gå der.

Ordføraren karakteriserer ruta som viktig både for fastbuande, hyttefolket og kommunens mål om å gjere Utvær til ein tilgjengeleg turistattraksjon. Mange av hyttefolket er utflytte sulingar som held husa godt i hevd og nyttar dei til fritidsbruk.

— Det er ikkje slik at hyttefolket berre kjem om sommaren. Mitt inntrykk er at mange også kjem på helgeturar gjennom vinterhalvåret.

I vedtaket opnar fylkespolitikarane for ein dialog med Solund kommune om korleis denne ruta skal drivast.

— Frå vår side ville det vore svært interessant å utvikle denne ruta slik at ho blir viktig i turistsamanheng. Mange av dei tilreisande som kjem til Solund har eit ønskje om å få sjå Utvær, seier Åmdal Mongstad.

SISTE TUR: Oddgeir Eide gjekk ruta frå Kolgrov i 25 år, og Bergens Tidende var med då han gjekk til Utvær for siste gong i oktober 2006. No kuttar Sogn og Fjordane fylke i tilbodet.
Bergens Tidende